HjemNyhendeHelse Bergen utan avtale om pasientreiser frå 12. oktober

Helse Bergen utan avtale om pasientreiser frå 12. oktober

Dette gjeld også i Masfjorden kommune.

Årsaka er at avtalen med lokale drosjeselskap er gått ut, og det det er ikkje semje om ny avtale.

Dette fører til endringar for deg som reiser til lege eller sjukehus med rekvisisjon frå og med 12. oktober.

Du må no sjølv bestille transport til sjukehus eller lege, og betale for reisa. Du kan søkje om refusjon av  reiseutgiftene i etterkant. Legen må framleis sende inn rekvisisjon på reisa, og rekvisisjonen vil verte kopla til din søknad om dekning av reiseutgifter.

Retur frå sjukehus og heimatt vert ordna av Helse Bergen v/Pasientreiser som i dag.

Rettleiing for å sende digitalt refusjonskrav kan du finne på https://helsenorge.no/pasientreiser Dersom du vil sende inn refusjonskrav på papir kan du få slike skjema på legekontoret.

 

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 09.10.2020