HjemNyhendeReviderte planar

Reviderte planar

Personalreglement utvalde endringar:

Vedteken av kommunestyret 16.06.2022, sak 22/4541 Arkivsak ID: 22/491
Personalreglementet finn du her. 

  • § 2.4 Tilsetjingar: Dersom ein skal tilsette utan utlysing har dei tillitsvalde rett til å uttale seg.
  • § 3.4 Fråvære frå arbeid: Dersom ein er fråverande frå arbeid grunna sjukdom eller andre årsaker skal dette meldast snarast og seinast før arbeidet tek til.
  • § 3.5 Ferie: Frist for å søke overføring av ikkje-avvikla ferie er 1. desember.
  • § 4.1 Avgjerder i permisjonssaker: Rådmann avgjer alle permisjonar over 12 dagar. (Tidlegare 10 dagar) Dette er ein tilpassing til tariffavtalen.
  • § 4.4.2 Bindingstid: Har teke inn at bindingstid skal avtalast skriftleg.
  • § 4.4.3 Eksamen: Har teke inn at fagprøver gjev same rett til lesedagar som andre typar eksamenar.
  • § 4.5.2 Dødsfall og gravferd: Har justert til inntil 5 dagar permisjon ved dødsfall og gravferd i nærmaste familie. Det er lagt inn ein dag løna permisjon for å gå i gravferd til nokon som har stått den tilsette nær.
  • § 4.5.4 Undersøking, behandling og kontroll: Justering frå 80% til 60% stilling for å få fri til spesialist.
  • § 4.5.5 Lege, lege og fysioterapeut: Justering frå 80% til 60% stilling for å få fri til lege og tannlege.
  • § 4.5.6 Følgje av eigne barn: Rett til å følgje eigne barn til helsestasjon, tannlege og liknande. Tidlegare 12 år. No ut ungdomsskulen.
  • § 4.7.5 Sjukdom over lengre tid: Det vert innført ein regel om at tilsette som ikkje kan kome attende etter opphøyr av sjukelønsperioden (52 veker) må søke permisjon utan løn for å oppretthalde stillinga i Masfjorden kommune.

Seniorpolitikk endringar:

Vedteken av kommunestyret 16.06.2022, sak 22/4558 Arkivsak ID: 22/495.
Seniorpolitikk finn du her. 

  • 3e) Fritid og undervisningsfri: 5 dagars arbeidsfri med løn etter fylte 60 år kan takast som enkeltdagar eller samanhengande dagar. Førre reglement sa at ein berre kunne ta det som enkeltdagar.
  • 4b) «Seniorpolitikk Masfjorden» som praktisk rutine: Tidlegare vart alle som var fylt 60 år invitert til seniorsamling i samarbeid med kommunane i Nordhordland. Dette tilbodet eksisterer ikkje lenger. Ein går difor over til ei ordning der Masfjorden kommune inviterer KLP til å ha ein gjennomgang med tilsette.

Lønspolitisk plan utvalde endringar:

Godkjent i formannskapet den 31.05.22, sak 22/4555 Arkivsak ID: 22/494.
Lønspolitisk plan finn du her. 

  • § 5 Løn for kompetanse og funksjonar: Presisering av at satsane for løn ved kompetanseauke vert justert i samband med lokale forhandlingar.
  • § 5 Løn for kompetanse og funksjonar: Definisjon av at omgrepet funksjonar gjeld arbeidsoppgåver som ikkje nødvendigvis ligg til stillinga. Presisering av at funksjonstillegg fell vekk når den tilsette ikkje lenger har funksjonen.

 

Tekst: Erik Klausen, personalrådgjevar. 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.07.2022