HjemNyhendeRosa sløyfe-løp i Markhusdalen

Rosa sløyfe-løp i Markhusdalen

Oktober er rosa måned - med ekstra fokus på brystkreft.
Kvart år vert det arrangert Rosa sløyfe-løp i dei store byane, og i år prøver Masfjorden ut eige opplegg med tur innover i Markhusdalen. 

29. oktober klokka 12.00 går startskuddet, og ein kan sjølvsagt sjølv velge om ein vil gå eller springe innover. I år vert det ikkje tidtaking. 

Praktisk informasjon

Ein må sjølv melde seg på løpet via lenka. Ein betaler 300,- og får tilsendt startnummer, panneband og medalje rett heim i postkassen. Dette tek du sjølv med på arrangementet. 
Send også ein tekstmelding til Masfjorden kommune, sentralbordet: 966 34 277
med namn på alle dine påmeldte, slik at me kan følje med på antall påmeldte. 

Barn 200,- når du bruker kodeord: UNG 
Det er løpande påmelding, og Rosa sløyfe-organisasjonen sender ut pakker så langt lageret rekk. Det kan med andre ord vere lurt å melde seg på i god tid, så ein er sikker på å få pakken. 

Parkering/oppmøte: Sleire grendahus
Det vert tillaga ein liten kafe i regi av 9.klasse på Nordbygda skule, der inntekt går til klassekassa. 

Lenke til arrangement

Me vil vere open for kontant betaling på sjølve dagen (eller vipps) om ein ønsker å støtte saka uten å vere påmeldt på førehand. Du vil då ikkje få rosa pakke, men støtte ei god sak og bidra til arrangementet. 

Blime

Me håpar alle har lyst å bli med oss å gå ilag for denne gode saka. Me veit at det rundt om i kommunen vert øvd på NRK super sin Blime-dans, og me håpar alle vil øve litt ekstra på dansen, så me kan få med ein liten filmsnutt frå Rosa sløyfe-løpet på årets Blime-film.

Lenke til Blime-dansen finn du her: Blime-dansen 2022
Lenke til fjorårets Blime-dans frå Masfjorden: Blime Masfjorden 2021

Her finn du meir informasjon om Rosa sløyfeløpet 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 23.09.2022