HeimNyhendeIngen nye smittetilfelle denne veka (veke 8)

Ingen nye smittetilfelle denne veka (veke 8)

Denne veka har 8 personar vore og testa seg ved teststasjonen i Fensfjordbygg. Ingen av desse har så langt testa positivt.

Dette er godt nytt no når vinterferien står for døra. Me ynskjer dykk gode feriedagar, og minner om dei smitteførebyggjande råda:
Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Me er takksame for at innbyggjarane i Masfjorden kommune tek smittevernråda på alvor, og bidreg  til å førebyggja smitteutbrot i kommunen.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 26.02.2021