HeimNyhendeStatus torsdag 12. august - ikkje fleire påvist med koronasmitte i Masfjorden kommune dei siste dagane

Status torsdag 12. august - ikkje fleire påvist med koronasmitte i Masfjorden kommune dei siste dagane

Nærkontaktane til dei smitta som vart meldt i helga er testa med negativt resultat så langt, og dei fleste av desse er no ute av karantene.

Me er glade for at utbrotet ser ut til å ha vorte stoppa raskt, og vonar at det no ikkje er smitte i kommunen.

Takk til alle involverte innbyggjarar for godt samarbeid med vårt helsepersonell i å avgrensa utbrotet. Ei stor takk også til helseavdelinga for rask og effektiv smittesporing, karantenesetting og prøvetaking.

Pandemien er ikkje over, og me ber framleis om at du ved symptom held deg heime og får testa deg. Det har vist seg at symptoma hjå fleire av dei smitta var svært avgrensa/svake.

Me minner og om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har også har små eller diffuse luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest. Denne tenesta er tilgjengeleg alle kvardagar frå klokka 09.00, men ring for å avtale tid.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 12.08.2021
Publisert: 12.08.2021