HeimNyhendeIngen nye smittetilfelle i romjula

Ingen nye smittetilfelle i romjula

Testane som er tekne i romjula viser så langt heller ingen positive prøvesvar. 

Denne veka(veke 53) har 9 personar vore og testa seg ved teststasjonen i Fensfjordbygg, og testane me har fått svar på har vore negative. I neste veke kjem dei fyrste vaksinedosane til bygda, og me begynner då å vaksinere bebuarane på sjukeheimen.

Me er takksame for at innbyggjarane i Masfjorden kommune tek smittevernråda på alvor, og håper at alle også i samband med nyttårsfeiringa hugsar på å ha færrast mogeleg nærkontaktar.

Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 31.12.2020
Publisert: 31.12.2020