HjemNyhendeNye smittevernråd frå Masfjorden kommune

Nye smittevernråd frå Masfjorden kommune

Me er ein felles bu- og arbeidsregion, og fleire av våre  innbyggjarar pendlar til Bergen og kommunane rundt Bergen. Me ser at smitten vandrar over kommunegrensene, og smittesituasjonen er vår felles utfordring. Difor er det naturleg at me fyljer same strategi for å slå ned smitten.

Dette medfører fyljande råd:

Private samkomer

Det skal ikkje vere meir enn 5 deltakarar på private samkomer. Dersom alle er frå same husstand, kan ein vere fleire.

Arrangement på offentleg stad

Ikkje høve til å gjennomføre innandørs arrangement på offentleg stad med meir enn 20 deltakarar. I gravferd kan antalet deltakarar vere opp til 50. Arrangør må føre gjesteliste over deltakarane. Lista skal slettast etter 10 dagar.

Idrett og trening

Breiddeidrett for vaksne over 20 år er ikkje tillate. Utandørs trening for barn og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men arrangement som kampar og turneringar er ikkje tillate.

Kultur

Korøving og korpsøving for vaksne er ikkje tillate. Kulturaktivitetar for born og unge kan oppretthaldast, men unngå aktivitetar som samlar born og unge frå ulike bygder.

Munnbind

Bruk av munnbind på buss, drosje, butikk og serveringsstader når du veit at 1-meters avstand ikkje kan haldast.

Heimekontor

Vurder saman med din arbeidsgjevar om du kan nytta heimekontor.

Fire gode reglar

  1. Hald deg heime om du er sjuk, og respekter reglane for karantene og isolasjon. Bestill smittetest om du mistenker koronavirus.
  2. Ha reine hender, unngå å ta deg til ansiktet.
  3. Hald minst ein meters avstand til alle andre enn di du bur saman med.
  4. Hald deg mest mogeleg heime, og ha minst mogeleg nær kontakt med andre.



Tekst: Oddvin Arne Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.11.2020