HjemNyhendeSolidaritetsaksjon til inntekt for barn i Ukraina

Solidaritetsaksjon til inntekt for barn i Ukraina

I denne perioden har det vore snakka med barna om situasjonen i Ukraina, samla inn klær, leiker, hygieneartiklar m.m. som skal sendast til Ukraina. Barna har laga ulike ting som vart solgt til foreldre og besteforeldre, dei har solgt loddbøker (270 stk!) , smakt på ukrainsk mat , teikna flagget, lært fellessong som dei song på Ope hus, og dei eldste barna dramatiserte eventyret om Skinnvotten, som er eit ukrainsk eventyr. Været 14.mars var heilt perfekt til eventyret om Skinnvotten, berre sjå på bileta.

Foreldre har bidrege med kaker, kjøp av lodd og ting barna har laga, og dei stilte mannsterke opp den 14.mars. Noko som gjorde arrangementet til ein suksess.

Tusen takk til alle sponsorane som kom med gevinster på loddbøkene og til lynlotteriet.

Takk til Masfjorden kommune ved ordførar Karstein Totland som ga kr 5000,- for bilete barna på Blåklokka måla. Takk til alle foreldre, besteforeldre og andre for deira bidrag.

Gjennom solidaritetsaksjonen har barna lært om kva vi kan gjere for å hjelpe barn som treng hjelp, og om Ukraina sin kultur gjennom m.a. song, Ukraina sin nasjonalblomst solsikke, eventyr og matkultur.

No er ikkje finteljinga heilt ferdig pr d.d., men tilsaman har vi fått inn ca kr 45.000,- som vert sendt til Flyktninghjelpen øyremerka Ukraina. Vi er kjempefornøgd med resultatet og veldig glade for at dette vil hjelpe mange barn i Ukraina til å få ein betre kvardag.

Solidaritetsaksjon

 

Tekst : Inger Marie Duesund

Foto:  Hildegunn Ulvatn, Tove Mette Fagerheim


Sist oppdatert: 23.03.2023
Publisert: 23.03.2023