HjemNyhendeSommarutstilling i fargeriet

Sommarutstilling i fargeriet

Marta Nerhus i arbeid

Korona- pandemien set dessverre ein stoppar for det meste på Sommarscena  i år. Men det blir sommarutstilling i Fargeriet, der tekstilkunstnar Marta Nerhus stiller ut. Marta Nerhus er frå Ølve i Kvinnherad, men bur no i Bergen. Marta har spesialisert seg på metalltråd som materiale.

« Eg tar oppunder tusen meter kopartråd, strikkar eit 0, 7 x 10 meter stort nett, og så er det berre å begynna å jobba».  Omtrent så enkelt får tekstilkunstnaren det til å høyrast ut når ho «teiknar» - som ho kallar det - i streng.

Nerhus kan visa til ei imponerande lang liste over utstillingar  og utsmykningsarbeid i inn- og utland.
 
«Eg jobbar med skjøre og sanselege skulpturar og teikningar i streng og metalltråd. Kjenner at materiale og teknikken eg har utvikla kan romma sårhet, poesi og styrke. Eg har størst energi i arbeidet når eg leitar etter uttrykk og form får å få fram forteljingar om saker som eg synest er viktige i samfunnet og kan visa noko om det å vera menneske i vår tid. Eg vil gjennom det kunstneriske arbeidet mitt vera ei stemme i samfunnsdebatten, men mest av alt vil eg røra i dei innerste strengane våre, og håpar at me med kjensler og gjennkjennning kan opna oss, koma nærare.

I dei nye arbeida mine har eg jobba med farga metalltråd og brukar dei store strikka lengdene til å bygga store bilde for vegg. Tidlegare har eg jobba mest med patinert kopartråd i ein brunleg og svartaktig tone , og i lang tid med portrett og skikkelsar i ein politisk kontekst.

Denne gongen har eg jobba opnare  og har hatt fokus på landskap og fjell. Kanskje fordi eg veit at både fjella og landskapet i Masfjorden og heime i Kvinnherad er truga av planar om gedigne vindturbinar.

Eg vil og visa installasjonen "Så lenge skuta kan gå" som består av hundrevis av små båtar. Den utvikla eg til utstillinga på Bryggens Museum i 2016-17, etter alle sterke inntrykk i media med forteljingar om flyktningar i skrøpelege båtar. Etter besøk i Masfjorden vart eg kjent med Nothuset og  båtsamlinga der og fekk forteljing om kor viktig fiske og sjøen har vore for bygda. Då vart det rett å ta med dette arbeidet. Installasjonen vert annleis og ny på tørkeloftet i Fargeriet.

På Sandneskafeen vil eg visa portrett, figurar og mindre arbeid.

Alle arbeida både i Fargeriet og på kafeen er for sal.»

Utstillinga er open laurdagar 12-16 og søndagar 14-18 i periodane

  • 6. juni- 5. juli
  • 18.-19. juli
  • 8. august - 13. september
  • og elles etter avtale. Kontakt 97061230/ 97702476.

Opningstidene er samanfallande med opningstidene på Sandneskaféen, så her kan besøk på utstillinga kombinerast med eit godt måltid.

Velkommen til ei vakker og heilt spesiell sommarutstilling. Enkel opningsseremoni laurdag 6. juni kl. 14.00 i Fargeriet og ca 15.00 på Sandneskaféen.
Veggsmykke

 

Tekst: Frank Kvinge, kulturskulerektor/fagleiar kultur
Foto: Marta Nerhus i arbeid(Jan M. Lillebø), Veggsmykke(Pål Hoff)


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 28.05.2020