HjemNyhendeSpennande bibliotekhaust

Spennande bibliotekhaust

Likevel må vi kjapt sjå oss litt tilbake. Året 2020 var eit spesielt år. Restriksjonar, karantenar, nedstenging og heimekontor blei den nye normalen. Sjølv om ting vart endra i stor skala slo masfjordingane verkeleg gjennom på eit punkt. Vi kom høgast ut på lista over totalt lånte bøker per innbyggjar i Nordhordland og Gulen. Med ein statistikk på 6,24 per innbyggjar vann vi med god margin over Modalen som kom på andreplass med 3,59.

Dersom du var ein av dei som lånte bøker på biblioteket i 2020 så gi deg sjølv ein god klapp på skuldra, utlånstala sender viktige signal til politikarane om at biblioteket er eit viktig og naudsynt tilbod for innbyggjarane! Så langt i 2021 er det lånt ut om lag 6700 bøker frå biblioteka. Vi håpar å slå tala frå i fjor som var 10 551.

Sommarles – slutt for i år

Sommarles har i år hatt 116 brukarar frå Masfjorden som til saman har lese 2491 bøker og 229 154 sider! Dette utgjer eit gjennomsnitt på 21,5 bøker og 1975 sider per brukar!
Den mest leste boka i sommar på landsbasis er «Gutta i trehuset med 13 etasjer» av Andy Griffiths. Den har blitt lese heile 30 000 gonger.

Biblioteket har og arrangert lesestunder berre for skular/barnehagar. Prosjektet «Ut i naturen med litteraturen» der barna kjem til dagsturhytta og får vere med på eit opplegg spesiallaga til dei, vart ein suksess. I vår var det Anne Cath Vestly som var temaet. I september startar ein ny runde der dei yngste skuleelevane i kommunen får dette tilbodet. Denne gongen blir det fokus på Astrid Lindgren sin litteratur, også denne gongen med bibliotekmedarbeidar Signe Marit Krossøy som skodespelar og vert.

3. september kjem «Det vestnorske teateret» på besøk med ei musikalsk framsyning kalla «Hit eit steg». Alle småskuleelevane og dei eldste barnehageborna i kommunen kjem til Nordbygda skule denne dagen. Tilbodet er eit samarbeid mellom biblioteket, Den kulturelle skulesekken og kulturavdelinga i kommunen.

14. september er det igjen klart for bok- og strikkekafe på Hosteland, og 20. oktober kjem forfattaren Hilde Kvalvaag på besøk til Sandnes bibliotekfilial.

Som de skjønar er det mykje som skjer i regi av  biblioteket for både store og små. Ta ein tur innom! Biblioteket er her for deg!

 

Tekst: Linn Benedikte Brakstad, biblioteksjef


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 03.09.2021