HeimNyhendeKoronavaksinering - status for veke 32

Koronavaksinering - status for veke 32

I løpet av siste veka i august vil dei fleste av innbyggarane over 18 år ha fått 2. vaksinedose.

Dei siste vekene har me fått over 200 vaksinedosar kvar veke, og dette har gjort at vaksineringa har gått svært raskt no i innspurten.

Dersom du er nytilflytta til kommunen, eller av andre grunnar ikkje har fått 1. dose, vert du oppmoda om å ta kontakt med legekontoret for å avtale tid for vaksinering. For 2.dose vil du få sms varsel frå legekontoret om tidspunkt. Får du ikkje sms innan 3-4 veker etter 1. dose, ta kontakt med legekontoret.

 

 

Tekst: Malin Daae Steine, leiar helseavdelinga


Sist oppdatert: 16.08.2021
Publisert: 16.08.2021