HjemNyhendePlanlagt stenging av E39 ved Litle-Urdaltunnelen

Planlagt stenging av E39 ved Litle-Urdaltunnelen

Fjellreinsk, opprydding og eventuell reparasjon av veg er venta å vere så omfattande at vegen kan bli stengt i heile veke 25.

Vegstenginga skjer frå og med kl. 7.00 mandag morgon den 21. juni.

Litle-Urdaltunnelen er siste tunnelen før avkøyring til Modalen og stigning mot Romarheimsdalen når du kjem frå Knarvik.

Regional omkøyringsveg er Fv 57 via Leirvåg - Sløvåg
Lokal omkøyringsveg Fv 570 via Masfjordnes - Duesund

Det betyr at alle på Matre og Haugsvær som skal mot Knarvik må køyra via Masfjordvegen.

Set inn ekstraferje

Det vert sett inn ekstraferje på sambandet Leirvåg - Sløvåg på fylkesveg 57. Ferjene skal då gå med ein frekvens tilsvarande Lavik-Oppedal, og det vert ferje også om natta.

På den lokale omkøyringsruta fylkesveg 570 via Masfjordnes-Duesund vil ferja gå ekstra ved behov. Det vert ikkje nattferje på dette sambandet.

Endelege rutetabellar er førebels ikkje klare.

Sjå elles pressemelding og oppdatert informasjon i dag 15. juni på
vegvesenet si heimeside(www.vegvesenet.no)

 

Meldar: Solfrid Kvamme, byggeleiar,
Drift Bergen, infrastruktur og veg.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 11.06.2021