HjemNyhendeBlir du med på den største nasjonale ryddedugnad i år?

Blir du med på den største nasjonale ryddedugnad i år?

NGIR har i år gjort det enklare å få tak i ryddeutstyr og hjelpa til.  

For femte året på rad inviterer «Hold Norge Rent» til ei heil veke med frivillig opprydding. Kvar dag i løpet av veka oppfordrast alle til rydding langs elver, innsjøar og strender, på holmar og øyer og under vann. Målet er å engasjera flest mogleg til å bli med ut å rydda boss.

- Det er diverre mykje boss å finne langs norske strender og i naturen generelt, og forsøpling er eit  stort problem. Difor oppmodar vi alle til å delta i denne store ryddedugnaden, seier kommunikasjonsrådgjevar i NGIR, Irene Bratteng Fossheim.

Ho oppmodar innbyggjarar i heile regionen til å kombinera tid i naturen samstundes som å gjera noko meiningsfullt for naturen i lokalmiljøet.

- Ein kan til dømes rydda langs elvar, innsjøar, strender, holmar eller andre stader med eigarlaust avfall.

Kassar med ryddeutstyr plassert rundt i regionen

Det har aldri vore enklare å rydda naturen i ditt nærområde. Ein treng berre hanskar, sekk/pose og ein plan for avfallshandteringa før ein går ut og plukkar boss.

-Mange har kontakta oss og spurd om ryddeutstyr kan verta plassert meir tilgjengeleg, og det har vi no gjort. Nytt av året er nemleg at NGIR har sett ut strandryddekassar fleire stadar i heie distriktet, seier Fossheim.

-Frå desse kassane kan dei som ønskjer å rydde forsyna seg - ein treng ikkje registrera dette, eller gje beskjed til NGIR. Men er dei tomme, eller det manglar utstyr, gje oss beskjed på strandrydding@ngir.no, seier Fossheim.
 
Ho håper mange vil vera med å bidraga i dugnaden.

 - Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Strandryddeveka er for alle, både store og små aksjonar teller. Mange vert overraska over kor mykje søppel som finns i naturen, seier kommunikasjonsrådgjevaren.

Oppskrift på korleis ein går fram:

  • Vel kor og når du skal rydda
  • Registrer gjerne ryddeaksjonen din på: www.ryddenorge.no eller i Rydde-appen  
  • Hent hanskar og strandryddesekker i ein av kassane vi har plassert rundt i distriktet (oversikt i faktaboks)
  • Rydd valfri elv, innsjø, strand, holme, øy eller sti.
  • Ta kontakt med oss på strandrydding@ngir.no for å avtala henting av avfallet du finn.
  • Du er ferdig, og kan ha god samvit! 

Oversikt over kassar med strandryddeutstyr:

  • Joker Byrknes
  • Vidsyn Sløvåg
  • Joker Brekke
  • Spar Hosteland
  • Matkroken Fedje
  • Joker Austrheim
  • CoopMarked Modalen
  • Bunnpris Bøvågen
  • Nærbutikken Feste
  • Rema1000 Ostereidet
  • Rema1000 Frekhaug
  • Mjåtveit Gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet)
  • Manger Gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet)
  • Kjevikdalen Gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet)
  • Litlås gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet)

(Nokre av kassane er allereie plassert ut, resten vil vera på plass innan 10. sept)

 

Tekst: NGIR IKS


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 08.09.2021