HeimNyhendeStraumkompensasjon gjennom straumstøtteordninga

Straumkompensasjon gjennom straumstøtteordninga

Tilskotsordninga gjeld kommunar som hadde ein gjennomsnittleg straumpris på over 70 øre per kWt i desember. Midlane skal kompensera for deler av meirkostnadane lag og organisasjonar har hatt i straumutgifter i perioden desember-mars.

Retningsliner for tilskotsordninga

Kommunen skal følga vedlagte retningsliner for tilskotsordninga. (www.regjeringen.no)

Søknad

For å letta kommunane si sakshandsaming har Lotteri- og stiftelsestilsynet oppretta eit nasjonalt søknadsskjema som organisasjonane kan bruka:
www.lottstift.no/stromstotte.
Søknadane blir vidaresendt for handsaming i kommunane. Det nasjonale søknadsskjemaet vil kunne ta imot søknader i perioden 28. februar–15. mars kl. 13.00.
Ønskjer laget å søkja direkte til kommunen må laget opplyse om
•    Namn på organisasjon
•    Organisasjonsnr
•    Kontaktinformasjon
•    Kontonr
•    kWt- forbruk desember og januar
Straumrekning for desember og januar som vedlegg. (Januar-faktura dannar utrekningsgrunnlag for februar og mars.)

Søknadsfristen er også her 15. mars 2022.
Søknad vert sendt:
Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724
5981 Masfjordnes
post@masfjorden.kommune.no


Tekst: Masfjorden kommune


Sist oppdatert: 01.03.2022
Publisert: 01.03.2022