HeimNyhendeSvartevassvegen ved Langevasslia vert forventa stengt frå måndag 13. mars

Svartevassvegen ved Langevasslia vert forventa stengt frå måndag 13. mars

Eviny Fornybar planlegg å utbetre Svartevassvegen ved Langevasslia, etter steinnedfall i november 2022. Vegen er difor forventa stengt i ca 2 veker frå måndag 13.mars. Vegen vil igjen vera køyrbar til påske. Det vil etter avtale med entreprenør på staden vera mogeleg å ta seg forbi arbeidsstaden til fots.

Grunneigarar, hytteeigarar og andre brukarar av vegen skal vera informert om arbeidet. Det vil verta sett opp informasjon ved arbeidsstaden.

Svartevassvegen

 

Kontaktinformasjon:

Inge André Fosse Ytredal, Mesta AS, tlf: 95191834, Anleggsleder

Ove Eidsnes, Eviny Fornybar AS, tlf: 97126095, Byggeleder


Sist oppdatert: 14.03.2023
Publisert: 14.03.2023