HjemNyhendeSvindel på nett og forfattarsamtale på biblioteket

Svindel på nett og forfattarsamtale på biblioteket

Svindel på nett

Det blir meir og meir svindel på internett. Korleis kan du unngå å bli svindla?

Masfjorden folkebibliotek og Nordbygda pensjonistlag inviterar til eit kort kurs om svindel på nett. Politiet kjem og delar tips og kunnskap.

Tirsdag 04.juni klokka 14.00. Lett servering.

Plakat, svindel på nett

 

 

Forfattarsamtale med Johan Myking

I 2023 kom boka Gull i pære?: ordtak, rim og gåter frå Masfjorden etter Ola R. Midtbø. Materialet viser språk, ord og uttrykk i Masfjorden for 80-100 år sidan. Det er morosame ordtak, treffsikre sitat frå hendingar som har blitt fortalt om i bygda og ymse herme og regler. Dette er stoff av stor verdi, både for fagfolk og bygdefolk.

Johan Myking er pensjonert professor i nordisk ved Universitetet i Bergen, og har gitt ut og redigert fleire bøker. Han er òg dotterson til Ola, og redaktør av boka Gull i pære? No kjem han til Masfjorden folkebibliotek på Hosteland for å fortelja om Ola og arbeidet med boka.

Velkommen til ein uformell prat på biblioteket. Me serverer kake og kaffi. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Velkommen!

Plakat, forfattarsamtale med Johan Myking.


Sist oppdatert: 21.05.2024
Publisert: 21.05.2024