HjemNyhendeNasjonal testing av naudvarsel på mobil

Nasjonal testing av naudvarsel på mobil

Alle med oppdaterte mobiltelefonar vil automatisk på varsel på mobilen. 

  • Telefonar som får testen vil vibrera og spele av ein høg lyd i ca 10.sekund, samtidig som det kjem opp ein tekst på norsk og engelsk på skjermen. 
  • Testen vil overstyra lydlaus og andre innstillingar på telefonen. (For å unngå varsel må telefonen vera skrudd heilt av, eller sett i flymodus i god tid før tidspunkt for øving) 
  • Teksten i varselet vil beskriva at dette er ein test, og at du ikkje treng å gjera noko. 

Døme på naudvarsel                            Colourbox/illustrasjon

  • Om du køyrer bil når varselet kjem må du la varselet ringe ut, og stoppe bilen før du tek fokus frå vegen. 
  • Sørg for at mobilen din er oppdatert med nyaste programvare, elles kan det vera ei årsak til at mobilen ikkje kan motta varsel. 
  • Det er ikkje alle telefonar som kan ta i mot naudvarsel. Du kan finne ut om din mobil er kompatibel på nødvarsel.no 
  • Informer gjerne personar i familien som kanskje ikkje har fått med seg at det vil kome testvarsel. Det kan vera eldre, born eller personar som kanskje ikkje forstår norsk. Det fins mykje informasjonsmateriell på mange ulike språk.
  • Tilbakemeldingar på testen kan registrerast i eit eige skjema på nødvarsel.no

Naudvarsel på mobil er eit tillegg til andre former for varsling av folkesetnaden.Ved ei krise vil informasjon bli gitt både via nyheitsmedier, tradisjonelle medier, radio og sosiale medier. Ved store og alvorlege hendingar kan også varslingsanlegga bli nytta. 


Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 07.06.2023