HeimNyhendeTilbod om 3. dose med koronavaksine i veke 47

Tilbod om 3. dose med koronavaksine i veke 47

Dette gjeld for aldersgruppa 65 år og oppover som fekk 2. dose med koronavaksine i veke 21 eller tidlegare.

Regjeringa har, etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI), avgjort å tilby ei oppfriskingsdose («boosterdose») til dei eldre aldersgruppene. Den tredje vaksinedosen kan tidlegast bli gitt 6 månadar etter at du har fått den andre vaksinedosen.

Her kan ein kan lese meir om vaksinen og målgruppa (www.fhi.no)

Det vil bli vaksinering:
Måndag 22. november - gymsalen Matre skule, kl. 10-13
Tysdag 23. november - Fjon grendahus, kl. 10-13
Onsdag 24. november - gamle legekontor Hosteland, kl. 10-13

Om du er 65 år eller eldre, og fekk 2. dose med koronavaksine i veke 21 eller tidlegare, kan du møte opp for 3. dose på ein av desse dagane. Det er ingen timebestilling og vaksinen er gratis.

For deg som fekk 2. dose etter v. 21 vil det komme tilbod om 3. dose seinare.

Ta kontakt med Masfjorden legekontoret ved spørsmål, tlf. 56166300


Sist oppdatert: 11.10.2021
Publisert: 11.10.2021