HeimNyhendeTil deg som har fått AstraZeneca-vaksine - Tilbod om annan Korona-vaksine

Til deg som har fått AstraZeneca-vaksine - Tilbod om annan Korona-vaksine

Her i Norge er bruken av vaksinen frå AstraZeneca stoppa etter tilfelle av blodpropp hjå personar som hadde fått denne typen Korona-vaksine. For dei som har fått dose 1 vert det gjeve tilbod om å få dose 2 av typen mRNA, som er Pfizer/Moderna sin vaksine.

Legekontoret har sendt ut informasjon til dei dette gjeld, og som vil få time til å ta vaksinen. Vaksinering mot Korona er frivillig og gratis.

Brevet frå Folkehelseinstituttet (www.fhi.no)


Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 29.04.2021