HeimNyhendeOppdatert informasjon om koronaordning for arrangement og aktivitet

Oppdatert informasjon om koronaordning for arrangement og aktivitet

  • Perioden for ordninga er utvida til 31. oktober
  • Søknadsfristen er forlenga til 15. november

Koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Formålet med ordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19.

Perioden for ordninga er no utvida, og gjeld frå 1. januar til og med 31. oktober 2021.
Søkarar må vere registrerte i Frivilligregisteret.  

Kva kan det søkast om?  

  • Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vere innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplassar.  
  • Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter.  
  • Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vere museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.    

Ny søknadsfrist er 15. november 2021.

Meir informasjon

Finn informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordninga på www.lottstift.no  

Spørsmål? Ta kontakt på covid@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Merk: For momskompensasjonsordninga er det ingen endringar, her er søknadsfristen 1. september.
Les meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på www.lottstift.no

 

Tekst: Lotteri- og stiftelsestilsynet v/Steinar Hatlestad


Sist oppdatert: 09.08.2021
Publisert: 09.08.2021