To koronasmitta påvist denne veka
Desse to har vore på reise, og vorte smitta utanfor kommunen. Dei er no i isolasjon, og har ikkje hatt nærkontakt med innbyggjarar i Masfjorden etter at dei kom frå reise.
Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.
Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.
Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar
Sist oppdatert:
13.01.2023
Publisert:
28.05.2021