HjemNyhendeTo nye smitta i Masfjorden kommune

To nye smitta i Masfjorden kommune

Dette er to ungdommar som går på vidaregåande skule, og er busette i Nordbygda. Smittevegen er kjend. Kommunen arbeider med smittesporing og testing av nærkontaktar. Alle nærkontaktar vert testa og sett i karantene.

Masfjorden kommune minner om dei nye råda frå nasjonale styresmakter om å ha minst mogeleg nær kontakt med andre komande veker, for å prøve å slå ned smitten i samfunnet. Husk dei generelle førebyggjande smittevernråda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.   


Tekst: Oddvin Arne Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.11.2020