HjemNyhendeTo nye smitta i helga

To nye smitta i helga

Den eine er nærkontakt til den som vart meldt positiv torsdag kveld, den andre har ikkje noko samanheng.

Til saman har dei tre smitta om lag 35 nærkontaktar i Masfjorden.

Me kjenner ikkje smittevegen til dei som har fått påvist koronavirus. Difor går me breitt ut og ber alle om å vere merksame på symptom. Viss du får symptom må du halde deg heime og avtale tid for test.

Inntil me har fått meir oversikt over situasjonen vert sjukeheimen stengd for besøkjande, førebels til måndag ettermiddag. 

Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og oppvekstleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 08.08.2021