HjemNyhendeTo nye smitta meldt 5. september

To nye smitta meldt 5. september

 Smittevegen er ikkje kjent. Den eine av dei smitta har tilknyting til Sandnes skule. Aktuelle nærkontaktar på skulen har testa negativt på hurtigtest, og skulen opprettheld normal drift.  

Det er mykje smitte i samfunnet rundt oss no. Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.09.2021