TV-aksjonen i år er digital
Kvar person, kvart lag, kvar bedrift, kvar skule, kvar skuleklasse - nær sagt kvar av alt og alle, kan lage ei digital bøsse.
Slik lagar du ei digital bøsse:
- Gå inn på blimed.no
- Trykk «bli (digital) bøssebærer»
- Fyll ut skjema og trykk «registrer»
- Få eit svar på e-post med lenke til din/dykkar digitale bøsse. Du vil og få informasjon om korleis endre namn og bilete på bøssa
Om du ikkje vil lage di eiga, kan du bruke kommunen si digitale bøsse(www.spleis.no).
Innsamling på bøssene skjer frå 5. oktober fram til aksjonsdagen 18. oktober.
Bøssa vil vere open for bidrag til 1. november.
Du kan også lese meir om TV-aksjonen på heimesida til kommunen:
Eit hav av mogelegheit – TV-aksjonen 2020
Helsing kommuneaksjonsleiinga
v/Ordførar Karstein Totland
Torill Torsvik Størkersen
Erlend Kvamsdal
Camilla Hjelmeland
Foto: Mary Hope
Sist oppdatert:
13.01.2023
Publisert:
06.10.2020