HeimNyhendeVelkommen til UKM 2022

Velkommen til UKM 2022

Du kan til dømes mala eit bilde, visa fotos du har teke, synga eller spela ein song, laga ein dans, lesa eit dikt, eller visa ein film du har laga. Det er berre fantasien som set grenser.

Også i år har me husband på plass. Det vil seia at dei som treng akkompagnement til sine song- og musikkinnslag vil få dette gjennom flinke musikarar. Det er obligatorisk at alle som ikkje har eige akkompagnement  brukar husbandet. Vi vil ikkje ta imot lydfilar som backup.

Det er veldig enkelt å bruka husbandet. Du leverer berre inn notar til oss innan 12. januar og musikarane startar øving på din song. Du får øva med husbandet før mønstringa startar.

Meld deg på og ver med på ein fantastisk fin dag med mange dyktige ungdommar frå heile Nordhordland!

UKM-plakat (pdf-versjon)

Har du spørsmål, ta kontakt med kommunekontakt Frank 97061230

Sjå UKM-videoen for Nordhordland i mp4-format:

 

 

 

 

 

 

Tekst: Frank Kvinge
Video: Alver kommune


Sist oppdatert: 23.11.2021
Publisert: 23.11.2021