HjemNyhendeBli med på UKM!

Bli med på UKM!

UKM er ei mønstring der du kan vise litt av det du er oppteken av. Du kan stilla ut bilete og fotografi, du kan synga ein song, spela med bandet ditt eller på instrumentet ditt, visa ein dans, lesa eit dikt  eller visa ein film du har laga. Det er berre fantasien som kan stoppa deg.

Arrangementet skal vera trygt, og alle vil få god informasjon om kva tiltak/retningslinjer ein må forhalda seg til under arrangementet.

Det blir husband, så deltakarar med musikkinnslag som ønskjer akkompagnement kan forventa god hjelp frå dei. Det vert lagt opp til ei lita øving med bandet før sjølve mønstringa.

Det hadde vore flott om me fekk mange med frå vår kommune.
Nærare info om arrangementet og påmelding finn du på ukm.no

Ta kontakt på 97061230 dersom du har noko du lurer på.

Masfjorden kommune
Kultur


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 18.01.2022