HjemNyhendeUKM vert flytta

UKM vert flytta

UKM Nordhordland er for born og unge under 20 år, som samlar born og unge frå fire kommunar. Arrangørane definerer lokalmønstringa som eit arrangement, og ikkje ein aktivitet etter § 13 i covid-19 forskrifta, definisjon på arrangement.

Arrangørane har sjekka retningslinjer og anbefalingar, og landar på ein samla vurdering at arrangementet bør utsettast for å følgje og støtte opp under nye anbefalingar som kom nasjonalt 23.3.2021.

Grunngjeving for å utsette

I oppdatert forskrift frå 25.3.2021 heiter det at alle planlagde arrangement som ikkje er absolutt nødvendig å halda, vert utsett. Arrangørane meiner UKM arrangementet kan utsettast, utan at born og unge vert ramma. Nye anbefalingar knytt til 2 meter avstand, unngå blanding av kommunar og bruk av munnbind, vil skape ein annan atmosfære for arrangementet enn ynskja og vil ikkje skape den gode UKM følelsen for born og unge som ein ynskjer. Mønstringa i år har unge deltakarar som kan ha eit større behov for oppfølging.

 

 

Tekst: Arrangørane for UKM i Nordhordland


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 25.03.2021