Utmerka kvalitet på badevatn i Masfjorden
Det vart undersøkt på E.coli og intestinale enterokokker (tarmbakteriar) dette for å kontrollere om det er tilførsel av «fersk avføring» som kan kome av ev. kloakk.
Stad: | Dato: | Vasskvalitet |
Merkesdal badeområde | 9. mai 2023 | Utmerkt |
Ådnevika (Sandnesvika) | 9. mai 2023 | Utmerkt |
Areklettsanden | 9. mai 2023 | Utmerkt |
Haugsvær badeplass | 9. mai 2023 | Utmerkt |
Likevel skal me vera obs på at det i ferskvatn kan oppstå algevekst. Ein kan ikkje sjå bort frå at det kan førekomme oppblomstring av blågrønalgar (cyanobakteriar). Cyanobakteriar kan produsere toksiner (giftstoffar) og lukt- og smaksstoffer.
Kontakt med toksinene kan gi hudirritasjonar og forgiftingar. Bading frarådast.
Svelging av vatn med høgt algeinnhold kan medføre oppkast, diare og magesmerter. Hudkontakt kan gi blemmer og hudirritasjonar. Det er viktig at hundar heller ikkje får bade i vatn med sterk oppblomstring av cyanobakteriar, då dei som regel vil drikke av vatnet.
Alle må difor sjølv vurdere forholda på badeplassane dei besøker!
Informasjon frå Miljøretta helsevern v/ Grethe Elin Mjelde
Teknisk-hygienisk ingeniør