HjemNyhendeUtmerka kvalitet på badevatn i Masfjorden

Utmerka kvalitet på badevatn i Masfjorden

Det vart undersøkt på E.coli og intestinale enterokokker (tarmbakteriar) dette for å kontrollere om det er tilførsel av «fersk avføring» som kan kome av ev. kloakk. 

Stad: Dato: Vasskvalitet
Merkesdal badeområde 9. mai 2023 Utmerkt
Ådnevika (Sandnesvika) 9. mai 2023 Utmerkt
Areklettsanden 9. mai 2023 Utmerkt
Haugsvær badeplass 9. mai 2023 Utmerkt

Likevel skal me vera obs på at det i ferskvatn kan oppstå algevekst. Ein kan ikkje sjå bort frå at det kan førekomme oppblomstring av blågrønalgar (cyanobakteriar). Cyanobakteriar kan produsere toksiner (giftstoffar) og lukt- og smaksstoffer.

Kontakt med toksinene kan gi hudirritasjonar og forgiftingar. Bading frarådast.

Svelging av vatn med høgt algeinnhold kan medføre oppkast, diare og magesmerter. Hudkontakt kan gi blemmer og hudirritasjonar. Det er viktig at hundar heller ikkje får bade i vatn med sterk oppblomstring av cyanobakteriar, då dei som regel vil drikke av vatnet.

Alle må difor sjølv vurdere forholda på badeplassane dei besøker! 

 

Informasjon frå Miljøretta helsevern v/  Grethe Elin Mjelde
                                                              Teknisk-hygienisk ingeniør


Sist oppdatert: 08.06.2023
Publisert: 08.06.2023