HjemNyhendeVaksinasjon med AstraZeneca-vaksinen mot covid-19 vert sett på vent

Vaksinasjon med AstraZeneca-vaksinen mot covid-19 vert sett på vent

Årsaka til dette er eit tilfelle av blodpropp i Danmark etter vaksinering. Folkehelseinstituttet set difor all vaksinering med denne vaksinen på vent ut frå eit føre var prinsipp  til eventuell samanheng mellom vaksinasjonen og tilfellet med blodpropp er avklart. 

Dei som har fått innkalling til vaksinasjon med denne vaksinen vil få melding frå vårt legekontor om at vaksineringa er utsett inntil vidare. 

Du kan lese nyheita frå Folkehelseinstituttet her: Vaksinasjon med AstraZeneca-vaksinen mot covid-19 settes på pause (www.fhi.no)

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 11.03.2021