HjemNyhendeNo startar vaksinering av aldersgruppa frå 75 til 84 år

No startar vaksinering av aldersgruppa frå 75 til 84 år

Frå neste veke startar me med 84-åringane, og går så gradvis nedover i årskulla mot 75-åringane som siste årskull i denne gruppa.

Talet vaksiner me får til kommunen har auka litt. Denne og neste veke får me 6 glas vaksine, som utgjer ca. 36 vaksiner pr. veke.

Med den tilstrøyminga me får av vaksiner no, planlegg me vaksinering i dei gamle lokala til legekontoret på Hosteland kvar onsdag. Helseavdelinga vil ta kontakt pr. telefon med dei som står fyrst i køen for vaksine og avtale tidspunkt for vaksinering. Ingen treng å ta kontakt med legekontor eller fastlege. Kommunen vil få nødvendig oversikt over alle i dei prioriterte gruppene etter kvart som nye grupper skal vaksinerast.

Vaksinen er gratis og frivillig. Alle treng to dosar med vaksine for å vere beskytta mot viruset.   Når du får 1. vaksinedose får du samstundes timeavtale for 2. dose. Etter siste dose går det ei veke før ein er beskytta mot viruset.

Eigenerklæringsskjema: Alle som kjem for å få vaksine må ha med seg ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. Her må du svare på om du kjenner deg frisk, og om du har nokon kjende sjukdommar. Dette skjemaet kan du laste ned og skrive ut her:

Eigenerklæringsskjema for koronavaksinering (www.fhi.no)

Skjemaet vert også lagt ut på alle butikkar i kommunen og på legekontoret. Det er viktig at du har med deg utfylt skjema når du kjem for å få vaksinen.

Nyttar du blodfortynnande medisin, som du tar om morgonen, skal du ikkje ta denne før etter at du har fått vaksinen den dagen.

Målet med vaksineringa er å beskytta kvar einskild som er vaksinert mot korona-sjukdommen. Det er framleis usikkert kor godt vaksinen hjelper mot smittespreiing, difor må også dei som er vaksinerte ta smittevernomsyn.

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Norge, Koronavaksinasjonsprogrammet (www.fhi.no)

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 05.02.2021