HjemNyhendeKoronavaksinering i veke 30 og 31

Koronavaksinering i veke 30 og 31

I veke 30 får Masfjorden over 250 dosar, og veka etter (veke 31) nesten 200 dosar.

Målet dei to komande vekene er å få gjeve alle innbyggarar i kommunen tilbod om fyrste vaksinedose.

Helseavdelinga ringjer rundt til alle som er i aktuell målgruppe for å avtale tid til vaksinasjon. Me oppmodar alle som får oppringing frå legekontoret sitt telefonnummer 56166300 om å svare telefonen, eller ringje oppatt dersom du ser «ubesvart anrop» frå dette nummeret på din telefon. Er du nytilflytta til kommunen og ikkje har fått tilbod om vaksine vert du oppmoda om å ta kontakt med legekontoret.

Dersom den gode tilgangen på vaksine heldt fram utover i august, kan me korte ned intervallet mellom 1. og 2. dose. Dei som ventar på 2. dose vil då få eit sms varsel frå legekontoret om ny time til vaksine.

(Foto: Kanskje får du telefon frå ein av desse hyggelege medarbeidarane i helseavdelinga, frå venstre: Christina Sjursen - lege, Trude Fykse - helsesekretær, Anne Kari Mjanger - bioingeniør, Anne Hilde Haveland - sjukepleiar)

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar
Foto: Rolf Martin Tande, kommuneoverlege og smittevernlege

Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 23.07.2021