HjemNyhendeVaksineringa går seinare enn me hadde håpa

Vaksineringa går seinare enn me hadde håpa

Dei to fyrste vekene i 2021 har Masfjorden kommune fått tre hetteglas med vaksine. Av desse har me kunna gjeve 18 personar fyrste vaksinedose.

Det er personar knytt til sjukeheimen som har motteke desse fyrste dosane.

Neste veke får me berre eit hetteglas, og me er utålmodige etter å kome skikkeleg i gang med vaksineringa. Frå veke fire er me lova fire hetteglas, og me vonar talet vil auke yttelegare utover i febrar. Frå kvart hetteglas kan ein henta ut 5-6 dosar vaksine. Endringar i prioriteringane frå FHI seier at nokon vaksinedosar (20%) skal gå til helsepersonell. Hjå oss vil i fyrste rekkje helsepersonell som utfører testing, smittesporing og vaksinering verte prioritert.

Med avgrensa vaksinetilgang vil vaksinering gå føre seg stegvis etterkvart som me får tilgang på nye vaksinedosar. Me kan difor ikkje tidfesta noko massevaksinasjon, men har ein plan for dette om talet vaksinedosar me får aukar.

Ingen treng å ta kontakt med legekontor eller fastlege. Kommunen vil få nødvendig oversikt over alle prioriterte grupper, og ta kontakt etter kvart som vaksinering er aktuelt for deg.  
Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Norge, Koronavaksinasjonsprogrammet - FHI.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 15.01.2021