HeimNyhendeVal 2021

Val 2021

Tidlegrøysting frå 1. juli til og med 9. august

I samband med stortingsvalet 2021 vert det høve til å tidlegrøyste frå 1. juli og fram til den ordinær førehandsrøystinga startar 10. august. Røystestad og tidspunkt vert på kommune¬huset mellom kl. 09:00-14:30. Det må leggast fram godkjent legitimasjon før ein får høve til å røyste.

Tidlegrøysting er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å røyste innafor ordinær førehandsrøystingsperiode eller på valtinget. Dei som ønskjer å tidlegrøyste, må ta kontakt med kommunen på telefon 5616 6200 og avtale tidspunkt.

Utlegging av manntalet til offentleg ettersyn

For å kunne røyste ved stortingsvalet 2021 må du stå i manntalet. Du kan finne ut om du står i manntalet i Masfjorden kommune ved å kontrollere mann¬tals¬listene som vert lagt ut til offentleg ettersyn så snart som mogeleg etter 30.juni (skjærings¬dato for manntalet). Manntalslistene ligg ute til og med 10. september.

Manntalet vert lagt ut på desse stadane:
Hosteland røystekrins:
Biblioteket og Nordbygda senter

Masfjordnes røystekrins:
Kommunehuset og butikken på Kvingo

Matre røystekrins:
Biblioteket og butikken på Haugsvær

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, det er andre feil i listene eller du står opp¬ført i feil krets, kan krav om retting (med grunngjeving) sendast skriftleg til valstyret i Masfjorden kommune, post@masfjorden.kommune.no eller Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes.

Melder du flytting etter 30. juni, må du kontrollere manntalet - og røyste - i den kommunen du flytta frå.


 

Tekst: Anne Kristin Rafoss, rådgjevar


Sist oppdatert: 21.06.2021
Publisert: 21.06.2021