HjemNyhendeVegen til dagsturhytta er ferdig

Vegen til dagsturhytta er ferdig

Dagsturhytte

Sidan hytta vart opna i desember 2020 har ein kunne nytta dei tre stiane frå parkeringsplassen på Bakken som fører fram til hytta. Og svært mange har nytta tilbodet.

Sidan den gong har det skjedd store ting når det gjeld ytterlegare tilrettelegging:

Universell tilkomst
Det er no mogeleg å følgja 1,4 km grusa veg frå parkeringsplassen på Bakken og heilt fram til hytta. Parkeringsplassen er romsleg med plass til mange bilar. Dei første 500 metrane av turvegen går på grusa traktorveg, deretter 0,9 km på grusa veg med breidde på om lag to meter. Første del av vegen er i tilnærma flatt terreng. På sistedelen av turen går vegen slakt nedover mot hytta. Like før hytta deler vegen seg i to der den eine vegen fører til flytebrygga. Slik kan dei som er dårlege til beins eller treng rullestol også nå hytta sjøvegen.

Sjøvegen

Frå parkeringsplassen på Bakken har Kvinge grendalag bygd 1 km universelt tilrettelagt turveg i motsett retning, over Stien og fram til fylkesvegen ved Brubakken. Her er det laga ein liten parkeringsplass med plass til om lag fem bilar. Store delar av turvegen har veglys som skrur seg på automatisk når turgåarar passerer i mørketida. Vel ein å starta turen til dagsturhytta ved Brubakken og over Stien vil ein på vegen dit oppleva mykje vakker natur i ulike landskapstypar. Returen kan alternativt gå på den kommunale vegen frå parkeringsplassen på Bakken, gjennom  høge og trange Kalberget, forbi dampskipskaien og gamalt naustmiljø og vidare langs elva mot Brubakken.

 

Stiar
Frå hovudparkeringa på Bakken følgjer ein først traktorvegen. Om lag halvvegs deler vegen seg i tre der du kan velja om du vil ta den universelle vegen, stien over Flena eller stien gjennom Skarhellerdalen fram til hytta. 


Ønskjer du ein litt lengre tur er stien rundt neset eit flott alternativ. Denne stien startar ved båthamna, like nedanfor parkeringsplassen til dagsturhytta, og følgjer vågen og fjorden heilt til Skarhellerdalen.

Parkeringsplassen ved båthamna er privat. Respektér elles tilvist parkering.

Frå turvegen over Stien kan ein og gå inn på stiane rundt Erhovden og Ospedalshaugane. Dette er enkle stiar utan særskild opparbeiding.

 

Arbeidet med universell veg fram til dagsturhytta er flott utført av Frode Haugsvær maskin. I tillegg har dugnadskrefter frå Kvinge grendalag  gjort ein stor innsats med tilrettelegging og oppfølging både før, under og etter entreprenørarbeidet. Tiltaket får kr 720 000 i spelemidlar.

Turvegen over Stien er det Kvinge grendalag som har bygd. Dette tiltaket har fått kr 600 000 i spelemidlar i tillegg til kr 400 000 frå Gjensidigestiftinga.

 

I skrivande stund gjenstår berre litt smårydding av nedfallsskog langs traséane og litt skilting før anlegget er heilt ferdig.

 

Skuleklassar, barnehagar, lag og organisasjonar, familiar, vennegjengar, ung, gammal:

Legg turen til dagsturhytta og det idylliske området rundt hytta!

 

Masfjorden kommune ynskjer ALLE velkomne til dagsturhytta!

 

Her finn de kart over dei ulike turstiane

Tursti

Tekst og foto: Frank Kvinge, Masfjorden kommune


Sist oppdatert: 08.05.2023
Publisert: 08.05.2023