HeimNyhendeStordalsvegen vert stengt i perioden 2.-13. mai 2022

Stordalsvegen vert stengt i perioden 2.-13. mai 2022

Bakgrunn

Vestland fylkeskommune planlegg større vedlikehaldstiltak av fem bruer på fv.5442 mellom Matre og Bjordal i løpet av 2022 og 2023. Bruene det  gjeld er Tverrlida, Kleivhølen, Haugahøl og Hellebotn, samt Langevasselva som ligg i Høyanger kommune. Dei tre nedste bruene, vist på kartet under teksten, skal oppgraderast i år.

Tverrlida bru er den nedste brua, og ligg like ovanfor innkøyringa til Hummelfossen kraftverk. Tidspunktet for stenginga kan verta endra. Stenginga vil verta kunngjort og skilta i god tid før arbeidet startar opp.

 

Tekst og kartbilete: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 30.03.2022
Publisert: 29.03.2022