HeimNyhendeVerdsdagen for psykisk helse er 10. oktober 2021

Verdsdagen for psykisk helse er 10. oktober 2021

Målet er å auke kunnskap og forståing om kva som fremmer god psykisk helse, og gjere det lettare å snakke opent og fordomsfritt om korleis vi har det.

Vi har inga spesiell markering i Masfjorden kommune i år, men vil minne om nokre gode tiltak for god kvardagshelse.

Vi er elles mange som jobbar for og med psykisk helse i vår kommune. Du tenkjer kanskje at det stort sett er helseavdelinga som jobbar med dette. Og det gjer vi. Vi er legetenesta, helsesjukepleiartenesta, psykisk helseteneste og fysio- og ergoterapitenesta. Elles jobbar sjølvsagt også pleie- og omsorgstenesta med psykisk helse. Folkehelselova seier at heile kommunen med alle tenester skal ha eit søkelys på psykisk helse.

Alle har ein psykisk helse og dette angår alle. Vi tenkjer kanskje at den psykiske helsa berre skal vere på plass, men det er den ikkje alltid. At den fysisk helsa må trenast for å vere i balanse, er vel akseptert, men ein tenkjer ikkje alltid slik om den psykiske helsa. Og mykje kan vi gjere sjølv om vi set fokus på dette.

Med fokus på kvardagsglede og betre din psykiske helse:

Her er nokre nyttige tips (psykiskhelse.no)

Om du elles ønskjer kontakt med den psykisk helsetenesta, treff du oss Dag Haarklau tlf. 91617895 og Monica Rongved tlf.  40801647. Det ligg og litt meir informasjon om oss på kommunen si heimeside under Helse-, sosial- og omsorgstenester.

 

Tekst: Dag Haarklau,
fagleiar psykisk helse og rus / spesialsjukepleiar psykisk Helse


Sist oppdatert: 05.10.2021
Publisert: 05.10.2021