HjemNyhendeNytt om Masfjordsambandet

Nytt om Masfjordsambandet

At Vestland fylkeskommune no vil gå vidare med Masfjordsambandet er ei god nyheit for oss.

Masfjordsambandet - illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto av Masfjordbrua. 

 

Når Fylkestinget no både løyvde midlar i økonomiplanen og ba administrasjonen om å knytte tettare dialog med kommunen trur eg me skal få prosjektet inn på sporet. Det at Fylkestinget er positive til prosjektet er også veldig viktig for å få realisert dette regionale brusambandet.

Årstal: 2024 2025 2026 2027
Investering: 1 mill.kr. 6 mill.kr. 13 mill.kr. 20 mill.kr.

- Note 11: Fylkestinget registrerar at det er ulike oppfatningar mellom administrasjonen og Masfjorden kommune om kva som er status for Masfjordbrua. Ein bed difor administrasjonen gå i dialog med kommunen og få gjort naudsynte avklaringar rundt dette. 


Eg er likevel godt klar over at me har dårleg tid denne gangen også, for å imøtekomme dei tidsrammene som staten har lagt.

Spesielt når det gjeld rentekompensasjonen er tida knapp, men det reknar eg med fylkesadministrasjonen er klar over.

Formannskapet i Masfjorden har allereie satt ned ei arbeidsgruppe for Masfjordsambandet der vi vil jobbe vidare med framdrift og ha vidare dialog med fylkeskommunen om prosjektet.  

 

 

Tekst: ordførar Erlend Kvamsdal.


Sist oppdatert: 03.01.2024
Publisert: 03.01.2024