HjemNyhendeVi ønskjer fleire med på laget

Vi ønskjer fleire med på laget

Då er det kanskje nettopp deg vi ser etter.

Støtteperson

Vi ønskjer fleire støttepersonar til familiar som av ulike grunner har behov for hjelp til å følgje opp barn på fritidsaktivitetar, gje barn gode opplevingar og andre små oppdrag knytt til det enkelte barn sine interesser og behov.
Du bør vera 18 år og disponera bil.

Besøksheim/støttefamilie

Nokre barn har behov for ei anna heim dei kan besøke med jamne mellomrom. Det kan vere alt frå ei overnatting midt i veka til ein helg i månaden. Som besøksheim/støttefamilie kan du bidra til at barnet får positive opplevingar og lærer å knyte seg til andre trygge vaksne- med relasjonar som liknar besteforeldre, tanter og onklar, og som kan vare over tid.

Leksehjelp

I samarbeid med Byrknes skule ønskjer vi personar som kan hjelpe nokre elever med lekser rett etter skuletid to dagar i veka.
For spørsmål, ta kontakt med rektor, Helge Pedersen(57781711) eller leiar i barneverntenesta, Jane Hesjedal (57782061/99792109).

Tek du på deg eit av oppdraga, må du levera inn politiattest. Løn og godtgjering etter gjeldande satsar.

For meir informasjon om dei ulike oppdraga ta kontakt med Jane Hesjedal (57782061/99792109), leiar for Gulen og Masfjorden barnevernteneste.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 14.01.2020