HjemNyhendeVidarefører dei fleste nasjonale tiltaka, men lettar opp for barn og unge

Vidarefører dei fleste nasjonale tiltaka, men lettar opp for barn og unge

Dette inneber fyljande reglar og lokale tilpassingar:

Sosial kontakt

Me kan no ha inntil fem gjestar heime i tillegg til dei som bur der til vanleg. Ein bør likevel unngå tett kontakt.

Lokale tilpassingar:

Reglane for besøk på sjukeheimen er uendra. Masfjorden kommune - Besøk til bebuarar ved Masfjorden sjukeheim

Arrangement

Private  samkomer: For private samkomer utanfor eigen heim, som til dømes bursdag i leigde lokale, er grensa inntil 10 personar. Dersom dette skjer utandørs, er grensa 20 personar.

Offentlege samkomer: Maksimalt 10 personar på offentlege arrangement innandørs, men inntil 200 personar om alle sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere inntil 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.

Reiser

Unngå reiser som ikkje er naudsynte i inn- og utland. Du kan dra på hytta med folk du bur saman med. Obs: Eigne reglar for karantene og prøvetaking etter utanlandsreiser.

Skule og utdanning

All undervising og planlagde arrangement på universitet, høgskular og fagskular vert framleis  digitale.  Alle vidaregåande skular og ungdomsskular kan gå over til gult nivå.

Lokale tilpassingar:

Ungdomsskulane i Masfjorden får justert ned smitteverntiltaka på «gult nivå».
Gymnastikk - og symjeundervisning går som vanleg med etablerte smitteverntiltak.

Idrett og fritidsaktivitetar

Det er no tillate å gjennomføre lokale treningar og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 år. Denne gruppa kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan også unntakas frå tilrådinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten. Ein bør ikkje gjennomføre kampar, cupar, stemner og liknande.

Lokale tilpassingar:

Gymsalar vert no opna for aktivitet for born og ungdom utanom ordinær undervisning på tvers av oppvekstområde. Unngå å bruke dusjane etter treninga.

Symjebasseng er framleis berre ope for ordinær undervisning.

Kulturskule - undervisninga går som normalt, med unntak av kor.

Uteliv

Nye nasjonale reglar opnar frå og med fredag 22. januar for at skjenkestadene kan servere alkohol i samband med matservering. Det kan skjenkast fram til midnatt, men nye gjester skal ikkje sleppast inn etter kl. 22.00.

Butikkar

Butikkar bør sikre at det ikkje kjem fleire kundar inn i butikken enn at det er mogeleg å halde 1 meter avstand.

Kommunehuset

Ope for besøkjande

Bibliotek

Biblioteka er opne

Aktuelle nettressursar:

«Viderefører de fleste nasjonale tiltakene, men gir lettelser for barn og unge» (regjeringen.no)


 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 20.01.2021