What It Is - A tribute to Dire Straits & Mark Knopfler på Sandneskaféen
Det er eit begrensa tal på billettar for sal, så her må alle som er glad i god musikk vere om seg - førstemann til mølla. Billettar kjøper du på hoopla.no.
What It Is er eit tributeband som med den aller, aller største ærbødighet tek på seg oppgåva med å framføre dei nydelege klassikarane til Mark Knopfler og Dire Straits!
Bli med karane på ein musikalsk rundtur i Mark Knopfler sitt univers! Frå Dire Straits klassikarane Down to The Waterline,Tunnel of Love og Money For Nothing til Knopfler’s Sailing To Philadelphia og What It Is. I halvannan time kjem godbitane på løpande band, her vil du garantert kjenne det i rockefoten.
Til denne konserten er det ekstra kjekt å melde at karane i What It Is har med seg den fantastiske saksofonisten Paul Fawcus - for å få den rette «Dire Straits sounden».
Gitar og vokal : Henning Hodne Mjanger
Gitar og vokal : Åsmund Kvinge
Bass : Geir Dahle
Trommer : Brynjar Mjanger Eide
Tangenter: Arnt Thyve
Saksofon : Paul Fawcus
Lenkje til Facebook-sida vår: https://www.facebook.com/localheroesatribute/
Konserten er eit samarbeid mellom Sandneskaféen og Masfjorden kommune.
Velkommen!