Branntryggleik

Bål- og bråtebrenning

Det er forbod mot å brenne bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føre til brann. Skal du brenne bål eller bråte, må du vere sikker på at det ikkje kan føre til brann. Gå aldri frå oppgjord eld før han er heilt sløkt.

Når er det lov?

I perioden 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkje kommunen om lov. Du har likevel lov til å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.

Dersom brannfaren er spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføre totalforbod mot å brenne bål i bestemte område.

Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon.

Slik søkjer du

Vi har ikkje eit eige skjema for å søkje om løyve til å gjere opp eld. Det er difor nok at du ringer operativ innsatsleiar på telefon: 90723276

Ved bråte og lyngbrenning må ein søkje om løyve til dette via e-post til brannsjefen. Søknaden må innehalde namn på ansvarleg, adresse og telefonnummer. I søknaden må du skildre kva for tiltak du har for å unngå at brannen spreier seg, eller andre uhell.

Søknaden sender du på e-post til: post@masfjorden.kommune.no

Branntryggleik i heimen

Korleis kan du minske faren for brann i din heim?

Det er eit krav at alle bustader skal ha minst éin røykvarslar som kan høyrast frå alle soverom med lukka dør. Vi anbefaler likevel å montere fleire røykvarslarar og at desse er seriekopla.

Formålet med røykvarslarar er å redde dei som er i bustaden, dersom brann eller røykutvikling skulle oppstå. Ein brann kan utvikle seg svært raskt, og tidleg varsling er avgjerande.

Røykvarslar

Røykvarslarar skal produserast etter ein europeisk produktstandard. Forhandlarar har ansvar for at røykvarslarar dei sel, er produserte etter dette regelverket. Når du kjøper ein ny røykvarslar, bør du kontrollere at han er CE-merkt med tilvising til NS-EN 14604.

Husbrannslange

Alle bustader skal ha eit brannsløkkingsapparat eller ein husbrannslange.

I vanlege bustader anbefaler vi brannslange som alltid skal vere kopla til vatn. Hugs at du ikkje skal bruke vatn som sløkkemiddel ved brann i frityr, på komfyren og i oljeprodukt.

Brannsløkkingsapparat

Det er svært få som har vatn på soverommet, og om natta er det viktig å ha rask tilgang til sløkkeutstyr. Derfor er det lurt å ha eit brannsløkkingsapparat i tillegg til brannslangen.

Skadeførebygging og brannøving i heimen

Noko av det viktigaste du sjølv kan gjere, er å ta ein «sløkkerunde» i huset ditt kvar kveld. Sjekk alle rom, og slå av alt av elektriske apparat som ikkje skal stå på. Sjekk at ingen omnar er tildekte, sløkk levande lys, slå av TV-en med av-knappen, og la ikkje kaffitraktar, vasskokar og mobilladar stå med støpselet i stikkontakten om natta.

Vi anbefaler at de gjennomfører brannøving i heimen. Barn er i stor grad avhengige av hjelp i ein naudsituasjon. Forklar barna kvar røykvarslaren er, test han, og la dei bli «kjende» med lyden. Lag reglar for korleis dei skal opptre viss røykvarslaren går, test aktuelle rømmingsvegar, og avtal møtepunkt utanfor, i trygg avstand til huset.

Branntryggleik i landbruksbygning

Kvart år døyr mange dyr i landbruksbrannar. Store verdiar går tapt.

Over 70 prosent av alvorlege brannar i landbruket kjem av elektrisitet, anten feil på elektriske anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr.

Kven har ansvar for kva?
  • For nyinstallerte elektriske anlegg er det installatør som har ansvaret for å levere eit feilfritt anlegg etter forskrifta.
  • Det er eigar som har ansvar for å sørgje for vedlikehald av anlegget. Det meste av arbeidet må gjerast av godkjend elektroinstallatør.
  • Det er avgrensa kva arbeid ein kan gjere på det elektriske anlegget utan å ha spesielle offentlege sertifikat. Det meste av arbeidet må derfor gjerast av offentleg godkjende elektroinstallatørar.
  • Tilsyn skal gjennomførast av det lokale elektrisitetstilsynet. Eit slikt tilsyn fritek ikkje eigar for ansvar for vedlikehald.
  • Les meir om el-anlegg og brannar i landbruket på Landbrukets brannvernkomité si heimeside.

Bruk og sal av fyrverkeri

Fyrverkeri er normalt tillate på nyttårsaftan i tidsrommet 18.00 til 02.00.

Skal du sende opp fyrverkeri andre dagar enn nyttårsaftan, må du søkje brannvesenet om lov. Du må søkje minimum to veker før avfyringsdato.

Slik søkjer du om å sende opp fyrverkeri

Send søknaden på e-post til post@masfjorden.kommune.no

Regelverket tillèt utvida bruk av fyrverkeri etter søknad så lenge bruken ikkje medfører ulempe for tredje person eller det ikkje er andre tryggleiksårsaker som taler imot eit slikt løyve.

Når kan kommunen gje løyve til å bruke fyrverkeri?
  • Ved større runde bursdagar eller tilsvarande jubileum
  • Ved opning av arrangement eller i tilknyting til dette
  • Når vêrmessige forhold ligg til rette
  • Når bruken skjer ved lokale der det kan forventast at slike løyve blir godkjende, til dømes forsamlingshus eller hotell
  • Dersom bruken blir lagd til ei privat adresse som ikkje ligg i tettbygd strøk når naboar blir varsla på førehand.

På grunn av brannfare, kan du kan ikkje rekne med å få lov til oppskyting av fyrverkeri i perioden 15. april til 15. september.

Du som bruker fyrverkeri og andre pyrotekniske effektar, pliktar å følgjer retningslinjene og bruke dette på ein måte som sikrar at det ikkje blir skade på personar eller omgivnadene.

Sal av fyrverkeri

Alle bedrifter som ønskjer å selje fyrverkeri eller pyroteknisk vare i tida 27. - 31. desember i butikken si ordinære opningstid, må sende inn søknad til brannvesenet innan 1. mai.

Du må leggje ved løyve frå eigar av bygningen, aktuelle skjema og kursbevis. Kursbeviset kan ikkje vere eldre enn fem år. Ved lagring av inntil 250 kg fyrverkeri, må du også sende inn søknad.

Søknaden om lagring eller sal av fyrverkeri sender du på:
elektronisk skjema (skjema.kf.no)


Sist oppdatert: 11.01.2022
Publisert: 11.01.2022