HjemBygg, eigedom og beredskapKart og oppmålingRetting av feil i matrikkelen / eigedomskartet

Retting av feil i matrikkelen / eigedomskartet

Dersom det er feil eller manglar i matrikkelen/eigedomskartet, kan du be kommunen om å rette dette.

Skjema

Skjema for å krevje retting og feil i matrikkelen (pdf)

Retting av bygningsopplysningar

Du kan be om å få retta bygningsopplysningar som er feil i matrikkelen. Dersom det er registrert feil bygningskode på bygningen din, må du leggje ved dokumentasjon som viser kva bygningen er godkjent/bygd som og eventuelt bilete.

Endring av bygningstype krev søknad om bruksendring.

Retting av eigedomsgrense

Dersom det er feil i eigedomsgrensene eller feil gards- og bruksnummer i eigedomskartet, kan kommunen rette dette. I slike saker må ein leggje ved dokumentasjon som viser kva du meiner er riktig grense for eigedomen. Dette kan vere skuldskifteforretningar, utskiftningskart, jordskiftesaker eller andre dokument som gjeld eigedomen. Dokument som er tinglyst kan ein tinge frå Kartverket eller Statsarkivet.

Partar/naboar må samtykke til rettinga for at kommunen skal kunne gjennomføre rettinga. Dersom du og naboen er ueinige om kvar grensa går, kan ikkje kommunen avgjere tvisten. Saka må då bringast inn for forliksrådet, dei ordinære domstolane eller jordskifteretten.

Du kan lese meir om feil i grenser i eigedomskartet på Kartverket sine nettsider (kartverket.no)

Kva kostar det?

Retting av feil i matrikkelen er gratis.

Sende søknad

Krav om retting sender du til post@masfjorden kommune.no
eller
Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724
5981 Masfjordnes


Sist oppdatert: 09.02.2021
Publisert: 15.07.2020