Samanslåing av eigedomar

Kven kan krevje samanslåing?

Det er eigar, eller den som har grunnboksheimel, som kan krevja samanslåing av eigedomar.

Skjema

Skjema for å krevje samanslåing (www.kartverket.no)

Vedlegg og vilkår

  • Før kravet vert handsama, må skjemaet vere underteikna av den eller dei som har grunnboksheimel som eigar.
  • Dersom eigedomane har ulike hefte, må det ordnast opp i disse før samanslåing kan skje. Du kan lese meir om dette på Karverket sine nettsider (www.kartverket.no)
  • Saman med kravet skal det følgje:
    - Kart som viser grenser og grensemerke for eigedomane.
      Trykk her for å kome til Nordhordlandskart (www.nordhordlandskart.no) 
    - Stadfesting på at eventuelle heimelshavarar til bruksrett er varsla.
    - Dokument som er nødvendige for å få tinglyst samanslåinga.

Kva kostar det? 

Samanslåing av eigedomar er gratis.


Sist oppdatert: 09.02.2021
Publisert: 06.12.2019