HjemBygg, eigedom og beredskapSkal du byggje, endre eller rive?

Skal du byggje, endre eller rive?

Kva du kan bygge, endre eller rive på eigedomen din kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen.

Dette må du sjekke før du søkjer

Arealplanstatus for eigedomen

  • sjekk kva for planar og avgjerder som gjeld for eigedomen din.

Skredfare

  • sjekk om eigedomen din ligg innanfor aktsemdsområde for skredfare.

Du finn dette ved å søke opp eigedomen din i kartportalen vår: (www.nordhordlandskart.no)

På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet(dibk.no), finn du tips om korleis du går fram om du har byggjeplanar og kva du kan du kan byggje utan å sende byggjesøknad til kommunen.

Førehandskonferanse

Før ein går i gang med eit prosjekt, er det anledning til å møte kommunen for å avklare forhold knytt til tiltaket. Her kan du lese meir om førehandskonferanse

Slik søkjer du

Skriv gjerne eit følgjebrev som skildrar tiltaket slik at det er enkelt for sakshandsamar å setje seg inn i kva du søkjer om.

Her finn du søknadsskjema (dibk.no)

Nabovarsling

Skal du gjere noko som krev byggjeløyve, skal naboar som hovudregel ha beskjed. Du finn meir informasjon om nabovarsling på Direktoratet for byggkvalitet si nettside(dibk.no)

Teikningar og kart

Situasjonskart der du har teikna inn kva du skal byggje og vise avstand til nabogrenser, vegmidte, avlaupsleidningar og eventuelt andre bygningar på eigedomen din.

Mål på plan-, snitt- og fasadeteikningar.

Berekning av utnyttingsgrad

Kor mykje du kan byggje på eigedomen din avhenger av kva kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplanen opnar for, og kor mykje som er bygd på eigedomen frå før. Dersom du skal gjere endringar som fører til auka bygningsvolum på eigedomen, må du rekne ut ny utnyttingsgrad.

For å rekne ut dette, må du finne ut av kor store eksisterande bygningar på eigedomen er. Du kan bruke godkjente teikningar for eigedomen eller måle opp dei bygningane og konstruksjonane som skal reknast med.

For hjelp sjå pdf-dokument (regjeringen.no)

Eventuelle dispensasjonar frå lov, planar og forskrifter

Om du ønskjer å søkje om deling som ikkje er i samsvar med gjeldande arealplan må du søkje dispensasjon. Her finn du meir informasjon og skjema for å søkje dispensasjon

Avkøyrsle

Dersom du skal endre, opprette eller endre bruken av ei avkøyring i samband med ei byggjesak, må du søke om dette.

Her finn du søknadsskjema (www.vegvesen.no)

Tilknyting til kommunalt vatn og avlaup

Dersom du skal søkje om tilknyting til offentleg vatn/avlaup gjer du dette i eigen søknad. Skjema for dette finn du her. (skjema.kf.no)

Sende inn søknad

Søknaden sender du samla på e-post til: post@masfjorden.kommune.no
Dersom du vil sende søknaden i post, sender du den til:

Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes

Kva skjer vidare?

Når søknaden er registrert i kommunen, føretek vi ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, orienterer vi om dette. Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, tek kommunen ansvar for innhenting av desse.

Vedtaket fattast med heimel i plan og bygningslova. Vedtaket stilast til søkjaren med kopi til eventuelle partar som har hatt innspel til søknaden.

Ferdigstilling

Når tiltaket er ferdig, må du søkje om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Ferdigattesten eller mellombels bruksløyve må liggje føre før du kan ta i bruk tiltaket (ferdigstilling).

Gebyr

Søknad om bygging, endring og riving er gebyrbelagt. I tillegg kjem eventuelt gebyr for søknad om dispensasjon.


Sist oppdatert: 09.08.2021
Publisert: 05.10.2018