HjemHelse-, sosial- og omsorgstenesterHar du testa postitivt på korona?

Har du testa postitivt på korona?

Dersom du har positiv sjølvtest skal du:

1. Registrere positiv sjølvtest

Dersom testen din er positiv er det viktig at kommunen får beskjed.
Skjema for registrering av positiv hurtigtest (skjema.kf.no)
Dersom du har problem med registreringa ring Masfjorden legekontor på
Telefon 56166300.

2. Isolasjon

Forskriftsfesta krav til isolasjon er oppheva og erstatta med ei oppmoding om at vaksne som er smitta med covid-19 held seg heime i 4 døgn frå symptomstart, og uansett til dei har vore feberfri i eitt døgn.

Tilrådingane om å halda seg heime i 4 døgn gjeld ikkje for barn i barnehagealder og skuleelevar. Desse vert tilrådd å halda seg heime dersom dei er sjuke.

Trykk på lenkene under for informasjon:
Til deg som må i isolasjon (www.fhi.no)
Avslutning av isolasjon (www.fhi.no)

Ta kontakt med legen din dersom du treng sjukmelding, eller om du får nedsett allmenntilstand, høg feber, pustevanskar eller anna. Tidlegare fekk fastlegen kopi av PCR-svar, men det skjer ikkje lenger og dei veit difor ikkje at du er smitta.

3. Varsle nærkontaktane dine

Du må sørge for å varsle nærkontaktane dine. Nærkontaktane dine er dei du har vore nær dei siste 2 dagar før du fekk symptom.

Du må varsle arbeidsplassen/leiaren din. Er du student eller elev må du varsle skulen. Foreldre til born som er smitta må varsle skule/barnehage.
Reglar som gjeld for nærkontaktar og karantene (www.fhi.no)

4. Bestille PCR-test

Desse reglane gjeld om du har testa positivt:
Personar som har fått ein tredje vaksinedose (oppfriskingsdose/"boosterdose"), eller som har fått to dosar koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadene, treng ikkje lengre ta bekreftande PCR-test etter positiv sjølvtest. Dette er fordi desse personane ikkje vil ha noko praktisk nytte av ein slik bekreftande prøve.
Personar som ikkje har fått oppfriskingsdose kan framleis ta bekreftande PCR-test på kommunal teststasjon dersom dei har behov for det til koronasertifikat eller av omsyn til vidare vaksinasjonsplan.
Personar som treng helsehjelp i samband med koronasjukdom vert tilrådd å ta bekreftande prøve med PCR-analyse når dette har tyding for diagnostikk og behandling.

PCR-testing vert utført av helsepersonell, og skjer i garasjen på baksida av Fensfjordbygg. Bestill PCR-test ved å ringe til Masfjorden legekontor legekontor på
telefon: 56166300.


Sist oppdatert: 15.02.2022
Publisert: 31.01.2022