Helsestasjon 0 - 5 år

Når du har født eller adoptert eit barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for heimebesøk. Kontakten vert oppretta på bakgrunn av ei rutinemessig melding om fødsel frå fødeklinikk til helsestasjon. Nytilflytta familiar vert oppfordra til å ta kontakt med helsestasjonen.

Helsestasjonen har eit fastsett program for oppfølging av barn. Nokre familiar får tilbod om ekstra oppfølging ved behov. 

Helsestasjonen tilbyr utleie av: Medela brystpumpe og Malem enuresis alarm.

Målet med helsestasjonsprogrammet

  • At foreldre opplever meistring i foreldrerollen
  • Å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
  • Å fremje god trivsel 
  • Å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn, og oppdage eventuelle avvik i tidleg fase. 
  • Å førebyggje vald, overgrep og omsorgssvikt
Faste helseundersøkingar i Masfjorden kommune
Alder Type Vaksine
Nyfødde To heimebesøk jordmor/helsesjukepleiar Nei
2 - 4 veker Helsesjukepleiar Nei
6 veker Helsesjukepleiar og lege Ja
3 månader Helsesjukepleiar Ja
4 månader Helsesjukepleiar Nei
5 månader Helsesjukepleiar Ja
6 månader Helsesjukepleiar og lege Nei
7 månader Helsesjukepleiar Nei
8 månader Helsesjukepleiar Nei
9 månader Helsesjukepleiar Nei
10 månader Helsesjukepleiar Nei
11 månader Helsesjukepleiar Nei
12 månader Helsesjukepleiar og lege Ja
15 månader Helsesjukepleiar Ja
18 månader Helsesjukepleiar Nei
2 år Helsesjukepleiar og lege Nei
4 år Helsesjukepleiar Nei

Sist oppdatert: 28.06.2024
Publisert: 03.09.2018