Helsestasjon 0 - 5 år

Når du har født eller adoptert eit barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for heimebesøk. Kontakten vert oppretta på bakgrunn av ei rutinemessig melding om fødsel frå fødeklinikk til helsestasjon. Nytilflytta familiar vert oppfordra til å ta kontakt med helsestasjonen.

Helsestasjonen har eit fastsett program for oppfølging og helseundersøking av barn. Nokre familiar får tilbod om individuell oppfølging utover fastsett program. Masfjorden Kommune vil i løpet av 2018 jobbe med å innføre nytt helsestasjonsprogram etter tilrådingar fra helsedirektoratet.

Helsestasjonen tilbyr utleie av: Medela brystpumpe og Malem enuresis alarm.

Målet med helsestasjonsprogrammet

  • At foreldre opplever meistring i foreldrerollen
  • Å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
  • Å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn
  • Å førebyggje, avverge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
Faste helseundersøkjingar i Masfjorden kommune
Alder Type Vaksine
Nyfødde Heimebesøk Nei
2 - 4 veker Vekt og omkrins hovud Nei
6 veker Helsesyster og lege Ja
3 månader Helsesyster Ja
4 månader Helsesyster Nei
5 månader Helsesyster Ja
6 månader Helsesyster og lege Nei
7 månader Helsesyster Nei
8 månader Helsesyster Nei
9 månader Helsesyster Nei
10 månader Helsesyster Nei
11 månader Helsesyster Nei
12 månader Helsesyster og lege Ja
15 månader Helsesyster Ja
18 månader Helsesyster Nei
2 år Helsesyster og lege Nei
4 år Helsesyster Nei

Sist oppdatert: 31.05.2021
Publisert: 03.09.2018