Råd og rettleiing

Helsesyster og jordmor bidreg også med råd og rettleiing til foreldre:

Ammerettleiing

Helsestasjonen i Masfjorden kommune er godkjend som ammekyndig helsestasjon.
Jordmor gjev ammeførebuande informasjon under svangerskapet. Etter fødsel vil helsesøstrene kunne tilby ammerettleiing. Vi føl faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming.

Meir informasjon :

Småbarnstreff

Helsestasjonen har tilbod om småbarnstreff ein gong kvar månad med aktuelle tema for foreldre og barn. Det vert sett av datoer for eit halvt år om gongen.
Stad: Masfjorden sjukeheim, fysioterapilokalet.
Onsdager frå 10-12. Det vert servert enkel lunsj, kaffe og te.

Foreldrerettleiing

Masfjorden kommune tilbyr ICDP foreldrerettleiingskurs i regi av helsestasjon og barnevernet.
Familiar kan henvende seg til helsestasjonen for råd og rettleiing.

Meir informasjon:


Masfjorden helsestasjon tilbyr PMTO foreldrerettleiingsmetode.

Meir informasjon:


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 11.12.2018